Raudt er eit moderne, sosialistisk parti. Politikken vår byggjer på verdiane likeverd, fridom, solidaritet og fellesskap. I Noreg i dag har nokre få veldig mykje meir rikdom og makt enn alle andre. Dette vil vi i Raudt endre på. Vi vil ha eit samfunn der folk bestemmer, ikkje pengar. Raudt ønskjer å byte ut noverande system der pengar gir makt, med eit rettferdig samfunn bygd på samarbeid: sosialisme. Slik vil vi kunne ta vare på naturen og miljøet på ein berekraftig måte, og folk flest vil sitje igjen med meir.
Leiar:
Marie Sneve Martinussen
Medlemmer:
13.131
Stifta:
2007
Nettside:
Ungdomsparti: