Blank stemme

"Blank stemme" betyr at ein ikkje stemmer på nokon av partia, men likevel møter opp og brukar stemmeretten sin. Å stemme blankt er altså noko anna enn å la vere å stemme. Det kan bety at ein ikkje er einig med nokon av partia som stiller til val, eller at ein ikkje har bestemt seg for kva parti ein vil stemme på.