Hå-Lista

Hå-Lista (HåL) er ei tverrpolitisk liste med kandidatar frå heile kommunen.

Me er opptekne av å ivareta den kristne kulturarven gjennom praktisk politikk som syner respekt for menneskeverdet og omsorg for grupper med ulike utfordringar. Me vil ta ansvar for natur og miljø gjennom aktiv og berekraftig forvaltning som sikrar naturressursar og livsgrunnlaget for etterkomarane våre.

I lokalpolitikken er det oftast dei nære tinga som tel og gjer ein forskjell. Me vil tala innbyggjarane si sak og arbeida for nærleik og dialog mellom innbyggjarar, politikarar og administrasjonen.

Illustrasjon av partileder