Miljøpartiet dei Grønne (MDG)

MDG er eit grønt parti. Det betyr at vi vil at alle skal ta vare på kvarandre, dyr og planeten. Vi kjempar for dei som har minst i Noreg og i verda, og for menneska som kjem etter oss. Planeten er livsgrunnlaget vårt. Vi kjempar for naturen og klimaet! MDG meiner at det er mogleg å gjere verda til ein betre stad. Vi må kjempe mot hat og krig, for fellesskap og fred. Når nokon må flykte frå krig, må vi hjelpe. I Noreg skal ingen barn måtte gå svoltne i seng, og ingen skal hamne utanfor.

Partileiar Arild Hermstad
Leiar:
Arild Hermstad
Medlemmer:
9.903
Stifta:
1988
Nettside:
Ungdomsparti: