Slik stemmer du
Alle som går på 5.–10. trinn, kan stemme i valveka 1.–4. september fram til klokka 15.00.
Nøkkel 🔑
For å kunne stemme må du ha ein eigen nøkkel for å få tilgang.
Den får du av læraren din. Dersom læraren din ikkje har ein nøkkel til deg, bør du be læraren om å ta kontakt med oss på e-post barnasvalg@reddbarna.no.
Dersom du ikkje har ein lærar som ordnar nøkkel til deg, kan du lage ein sjølv med melding/SMS til ein telefon mens det er ope for stemming 1.–4. september.
Feide
Ikkje alle kan stemme med Feide sjølv om dei har ein Feide-brukar.
Barnas Val har tilbode alle skular, via kommunane, å opne for stemmegiving via Feide. Du kan sjekke om din kommune kan bruke Feide, her. Dersom du ikkje finn din kommune i lista, kan du ikkje bruke Feide (sjølv om du har ein Feide-brukar). Då må du skaffe deg ein nøkkel slik det står i avsnittet over her.