Samlingslista

Samlingslista (SML) vil satse på born og unge dei neste åra og skal arbeide for desse sakene.

  • Framleis drift og utvikling av kantina på Mo skule.
  • Leggje til rette for elevbedrifter i skulen.
  • Sikre ordninga med stipend for elevar på vidaregåande skule.
  • At dei i aldersgruppa 16 - 23 år framleis får tilbod om 3 veker sommarjobb i kommunen.
  • Sikre at me framleis har helsesøster som møter born og unge når behovet er der og med ekstra fokus på psykisk helsevern.
  • Ungdomsrådet skal bestå.
  • Sikre fritidstilbod og aktivitetar som born og unge sjølve er med å utforme.
  • Kollektivtilbodet skal bli betre til og frå Modalen. Skal og arbeide for betring av tilbodet i kommunen.
  • Klima og miljø. For Dykkar framtid.
  • At born og unge sine stemmer vert høyrde i små og store saker.
Illustrasjon av partileder
Slagord
Saman med born og unge inn i framtida.