Arbeidarpartiet (Ap)

Arbeidarpartiet vil skape eit samfunn med små forskjellar og store moglegheiter for alle, uansett kvar ein kjem frå, og kvar ein vil i livet. Vi meiner vi best skaper tryggleik for framtida gjennom eit sterkt fellesskap. Vi skal skape verdiar for samfunnet vårt og fordele dei rettferdig, slik at vi saman og kvar for oss blir sterkare. Vi vil at folk skal få betre råd, at alle skal ha ein jobb, vere trygge, få meistring på skulen og helsehjelp når dei treng det, og at vi skal nå klimamåla våre.

Leiar:
Jonas Gahr Støre
Medlemmer:
43.952
Stifta:
1887
Nettside: