Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit parti i sentrum av norsk politikk. Vi har tre verdiar som vi byggjer politikken vår på:
- Menneskeverd, som betyr at alle menneske er like mykje verde, uansett kven du er, og kva eigenskapar du har.
- Nestekjærleik, som handlar om at vi må bry oss om kvarandre og hjelpe dei som treng det, både i Noreg og i andre land.
- Forvaltaransvar, som betyr at vi må ta vare på kloden vår og menneska som bur der. Vi må få ned klimagassutsleppa og passe på jorda vår.
Leiar:
Dag-Inge Ulstein
Medlemmer
14.131
Stifta:
1933
Nettside:
Ungdomsparti