Sosialistisk Venstreparti er eit sosialistisk parti. Det vil seie at vi vil ha ei rettferdig verd og eit rettferdig Noreg, der alle barn og vaksne skal ha like moglegheiter til å ha eit fint liv. Vi vil ha eit samfunn som tek vare på alle. Derfor meiner vi at dei som har mest pengar, skal dele litt meir med dei som ikkje har så god råd. Det er også viktig for oss at vi passar godt på jordkloden vår, slik at dyreartar ikkje forsvinn, og at barn som lever om hundre år, også kan gå på ski og leike i snøen.
Leder:
Kirsti Bergstø
Medlemmer:
16.418
Stiftet:
1975
Nettside:
Ungdomsparti: